Rio de Janeiro | by, capital city of state/province/region (en), Kommune, UNESCO World Heritage Site (en), former national capital (en)

Brazil / Rio de Janeiro /
 by, capital city of state/province/region (en), Kommune, Tegn bare grenser, UNESCO World Heritage Site (en), former national capital (en)

Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarfloden") på portugisisk.
Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".
Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: ein spektakulær beliggenheit, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortauer dekorert med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo Redentor på Corcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har óg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.
Rio de Janeiro ligg på 22 grader, 54 minutt sør breiddegrad, 43 grader 14 minutt vest lengdegrad (Mal:Koor dm). Befolkninga er på om lag 6.094.183[1] (2005 IBGE-estimat), og har eit areal på 1182.3 km² [2]. Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 11 til 12 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.
Nearby cities:
Koordinater:   22°53'11"S   43°25'27"W
  •  76 km
  •  150 km
  •  2047 km
  •  2282 km
Array