Leikanger

Norway / Sogn og Fjordane / Hermansverk-Leikanger /
 Upload a photo

Leikanger er ein tettstad i Leikanger kommune i Sogn. Saman med Hermansverk dannar Leikanger ei bygd med meir eller mindre samanhengande busetnad som vert kalla Systrond [1]. Systrond eksisterer rett nok ikkje som offisielt namn og Statistisk Sentralbyrå nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger[2] om den delen av bygda som tilfredsstiller deira krav til omgrepet tettstad. Bygda er sete for Sogn og Fjordane fylkeskommune og for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som held til i Statens hus Sogn og Fjordane (offisielt lokalisert til Hermansverk) som vart opna av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Til saman bur det drygt 2 100 innbyggjarar på Systrond.

Hermansverk har i løpet av dei siste par tiåra teke over dei aller fleste sentrumsfunksjonane i bygda, og i dag (2007) er den einaste viktige attverande funksjonen på det gamle Leikanger sentrum (Hanehaug) kaien som har anløp av ekspressbåten mellom Sogn og Bergen.

Namnet Leikanger er opprinneleg knytta til kyrkjestaden omlag ein kilometer aust for kaiområdet i retning Hermansverk, og namnet kjem av norrønt leik (kamp, leik) og vangr (slette, vang), noko som kan tyda på at staden har vore ein sentral møteplass i tidlegare tider der ein kanskje har møttest til idrett og eller tvekamp. Det er elles rike fornminnefunn frå både jarnalder og vikingtid i bygda.
Nearby cities:
Koordinater:   61°11'14"N   6°48'18"E
  •  116 km
  •  150 km
  •  163 km
  •  248 km
  •  310 km
  •  469 km
  •  555 km
  •  604 km
  •  634 km
  •  832 km