Undredal

Norway / Sogn og Fjordane / Aurlandsvangen /
 tettsted  Add category

Undredal er ei bygd med ca. 80 innbyggjarar og fire gonger så mange geiter. Staden er i dag viden kjent for stavkyrkja, og for den kvite og brune Underdalsosten. At bygda har butikk med post, gjer at folk framleis kan bu her, sjølv om barneskulen vart nedlagd i 2006. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggjarane i Undredal meir isolerte, og måtte sjøvegen eller driftevegar over fjellet om dei skulle ut av bygda i ærend.

Undredal stavkyrkje er fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320 og då omtala som "kapellet". Seinare, på 1340-talet, er bygda omtala i dokumentet "Bergens Kalvskinn" og her finn vi dei fyrste skriftlege kjeldene me har om gardeigarar i bygda. I skattelista frå 1552 er "Andfind på Soop" og "Laffritz på Underdall" nemnde.
undredal.no
Nearby cities:
Koordinater:   60°57'2"N   7°6'8"E
This article was last modified 9 år siden