Legmeerdijk, 313 (Амстердам)
Netherlands /
Noord-Holland /
Aalsmeer /
Амстердам /
Legmeerdijk
World
/ Netherlands
/ Noord-Holland
/ Aalsmeer
Munno / Nederland /
Markedsplass, auction house (en), flower shop / florist (en)
Aalsmeer er ein kommune og tettstad i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen er ein del av byregionen Amsterdam.
Aalsmeer er først nemnt i 1133 som "Alsmar". Dette namnet førekjem i eit diplom der landet blir skjenka til nonneklosteret i Rijnsburg. Området var då ei villmark med or og vier. Det vart stukke mykje torv i området, og slik oppstod innsjøar. Jordbrukslandet vart slik minska, og folket gjekk over til fiskeri på 1400-talet. På 1600-talet begynte ein å tørrleggja områda som hadde blitt til sjøar. Slik vart Stommeer tørrlagt i 1650 og Hornmeer i 1674. Nokon vindmøller som vart brukt til å driva pumpene til å tørrleggja sjøane står endå.
I 1852 vart sjøen Haarlemmermeer tørrlagd, følgt av fleire andre. Fiskeriet vart så godt som borte, og plante- og fruktdyrking vart viktigare. Frå 1850 til 1885 var jordbærdyrking svært viktig. Jordbæret gav fargar til Aalsmeer sitt flag: Raudt, grønt og svart for bæret, blada og jorda. Frå 1880 av vart òg blomedyrking viktig, først med roser. Frå 1912 av vart blomane omsette på auksjonar i Aalsmeer. Blomehandel vart stadig viktigare, og gjennom den nye internasjonale flyplassen Schiphol like ved fekk ein tilgang til den amerikanske og japanske marknaden. Den nye auksjonshallen(FloraHolland) frå 1999 er 999 000 m² stor, og det største forretningsbygget i verda, ifølgje Guinness rekordbok.

Wikipedia article: http://nn.wikipedia.org/wiki/Aalsmeer
Nearby cities:
Koordinater: 52°15'39"N 4°46'55"E
Array