Moneron

Russia / Sahalin / Shebunino /
 øy, volcano (en), nature conservation park / area (en)

Moneron er ei øy i Tatarsundet sørvest for Sakhalin nordaust i Japanhavet i Russland. Øya er ein populær stad for dykking og det finst mange fuglar her. Øya er ein del av den første marine naturparken i Russland. Eit koreansk fly styrta i havet om lag 55 km frå Moneron i 1983 etter å ha vorte skote ned då det passerte rett over Moneron.
Øya er omgjeve av bratte klipper og skjer og er ein populær hekkestad for fuglar. Den varme Tsushimastraumen fører med seg mykje dyreliv i havet omkring som ein vanlegvis finn mykje lenger sør.
Ho vart kalla Totomoshiri av dei opphavlege ainu-innbyggjarane. Ho kom under Matsumae på 1700-talet og fekk det noverande europeiske namnet då den franske sjøfararen La Pérouse gav ho namnet Moneron etter ein av ingeniørane sine. Seinare gav japanarane ho namnet Kaibato, men ho fekk tilbake det europeiske namnet etter Japan tapte i den andre verdskrigen og Sovjetunionen tok over øya.
Øya er 30 km² stor og det høgaste punktet ligg 429 meter over havet. Øya har ingen permanent busetnad.

Yandex panoramas:
yandex.ru/maps/-/CCU5mGDHpB
yandex.ru/maps/-/CCU5mGHVLC
Nearby cities:
Koordinater:   46°15'24"N   141°14'12"E
  •  111 km
  •  342 km
  •  360 km
  •  544 km
  •  1200 km
  •  1465 km
  •  1647 km
Array