Hol gamle kyrkje | Listet bygning, lutheran church/kirk (en)

Norway / Buskerud / Geilo /
 Listet bygning, lutheran church/kirk (en)
 Upload a photo

Hol gamle kyrkje ligg i Hol og Hovet sokn i Hallingdal prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1200. Kyrkja har korsplan. Kyrkja har vernestatus freda.

Hol gamle kyrkje er bygd og bygd om i fleire omgangar. Det stavbygde sakristiet aust for koret er den eldste delen av kyrkja. Opphavleg har heile kyrkja vore bygd i stavkonstruksjon, og truleg var ho ganske lita. Den fyrste endringa var det tømra tilbygget som i dag utgjer den smalare, vestre delen av kyrkjeskipet, truleg frå 1500-talet. I 1697 fekk kyrkja nytt og større kor og apside, men i 1798-99 vart desse bygningsdelane, attåt den stavbygde delen av skipet, rivne. Deretter vart det noverande koret og den breie delen av kyrkjeskipet reist i lafta tømmer, og apsiden vart atterreist som sakristi.
Ved ombygginga i 1798–99 fekk det nye skipet og koret tredelt himling med horisontalt midtparti og skrå sideflater, medan apsiden og skipets vestutbygg har flat himling. Kyrkjeinteriøret vart restaurert i 1938 under leiing av arkitekt Halvor Vreim. Då vart også vindauga, som var endra i 1882, førte attende til opphavleg form.
Interiøret vart måla i 1830-åra, men i 1950 vart himling, vegger, døypefont og preikestol avluta etter framlegg frå restaureringskonsulent Finn Krafft. Preikestolen frå 1696 er fest til veggen over alteret. På alteret står ei renessansealtertavle med måleri av Nattverden. I framgrunnen ser ein den flyktande Judas, og på bordet står eit fat med påskelammet.
( www.kirkesok.no/kirker/Hol-gamle-kyrkje )
Nearby cities:
Koordinater:   60°36'54"N   8°18'0"E
This article was last modified 10 år siden